Escapetor Crow song Lyrics

Og mannen han gjekk seg i veda skog,
- hei fara i veda skog. -
Då sat der ei kråka i lunden og gol.
- Hei fara. Faltu riltu raltura. -

Mannen han tenkte med sjølve seg;
Skal tru no den kråka vil drepa meg?

Og mannen han spente sin boge for kne,
så skaut han den kråka, så ho datt ned.

Så spente han føre dei folane tolv,
så køyrde han kråka på låvegolv.

Så flådde han kråka og lema ho sund,
ho vog innpå seksten og tjue pund.

Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
det beste paret det gav han til mor.

Og kjøtet han salta i tunner og fat,
og tunga han hadde til julemat.

Av tarmane gjorde han tolv par reip,
og klørne han brukte til møka-greip.

Og nebben han brukte til kyrkje-båt,
som folk kunne ro på frå og åt.

Og munnen han brukte te mala korn,
og øyro han gjorde til tutar-horn.

Av augo så gjorde han stoveglas
og nakken han sette på kyrkja til stas.

Og den som kje kråka han nytta så,
han er ikkje verd ei kråka å få.

Og hjartet det satte han på fiske-krok,
ingen har sett slik ei brygdanbrå

See also:

46
46.112
Jal Bikhra Hoon Mein Lyrics
Zion (DJ STIVEN) 06 - Zion Ft Tony Tun Tun & Reel - Hagamos El Amor Lyrics